– om stavingar i norsk tale- og teiknspråk

Viss eg ber deg telje stavingar i eit ord, byrjar du å klappe då? Eller kanskje du tel stavingane på fingrane medan du uttalar ordet? Vi pleier å identifisere stavinga gjennom lyd. Det er ikkje så rart når stavinga er eit språkfenomen og dei fleste forbinder språk med tale.
Men har du nokon gong tenkt på om stavingar også finst i norsk teiknspråk?
For å svare på dette må vi først vite kva ei staving er på norsk talespråk. Sjølv om ho er lett nok å identifisere, er stavinga også notorisk vanskeleg å definere. Eller som det står i boka Innføring i lingvistikk: “Mange kan identifisere ho; få kan definere ho; ingen kan greie seg utan ho – iallfall ikkje i fonetikken (…)”. Eg vil neppe kunne gi nokon overlegen definisjon her, men eit nøkkeltrekk ved språk er at dei kan bli delt opp i mindre delar. Stavinga er ein slik del.
I boka Språkets mønstre skriv Lars Anders Kulbrandstad at stavinga vanlegvis er “en sekvens av lyder som blir holdt sammen til ei enhet”. Dette heng godt saman med etymologien: både det franske og tyske ordet for staving kjem frå gresk syllabe, som tyder ‘det som held saman’.
Denne sekvensen har ei viss oppbygning: Alle stavingar inneheld ei såkalla kjerne (på fint nukleus). Dette er tyngdepunktet i stavinga og tar som regel form som ein vokal eller diftong. Som regel finn vi også en eller fleire konsonantar både før og etter kjerna. Dei som kjem før kjerna heiter opptakt, og dei som kjem etterpå heiter koda. Til dømes: det einstava ordet “døv” startar med opptakten «d», fortset med kjerna «ø», sluttar med kodaet «v».
Dette kan vi setje opp slik:

Å forstå stavinga som ei lydsekvens er uproblematisk så lenge vi held oss til norsk talespråk, men idet vi trekk inn norsk teiknspråk blir saka straks meir komplisert. For korleis kan vi forstå eit lydfenomen på eit språk som ikkje baserer seg på lyd?
Før vi går vidare må vi forstå korleis eit teikn er bygd opp:
Eit teikn blir vanlegvis delt opp i manuelle delar (det som hendene gjer) og ikkje-manuelle delar (det som andre delar av kroppen gjer, som augebryna, blikket, munnen, m.m.). Dei manuelle delane blir vanlegvis delt inn i parametrane handform, plassering, orientering (retninga som handflata vendar mot) og rørsle. Til dømes er teiknet DØV bygd opp av ei handform med utstrekt peike- og langfinger. Handa er plassert ved sida av hovudet, orientert mot øyret, og flyttar seg inntil hovudet med fingrane ved øyregangen. I tillegg blir teiknet utført med munnrørsler som liknar på måten ein person formar leppane når hen seier «døv».

Attende til stavinga:
Sjølv om vi ikkje kan definere stavinga som ein lydsekvens på teiknspråk, kan vi definitivt dele språket opp i mindre delar. Fleire forskarar har utvikla modellar for å skildre strukturen til desse delane. Den mest aktuelle modellen i vår samanheng er nok Movement-hold-modellen av Liddell og Johnson (1989). Denne går ut på å dele eit teikn inn i sekvensar av stillstand og rørsle («holds» og «movements»). Ein stillstand er ein periode der alle parametrane i teiknet står i ro. Ein rørsle er ein periode der ein eller fleire parameter endrar seg.
La oss igjen sjå på teiknet DØV. Basert på movement-hold-modellen kan vi dele teiknet i to eller tre: kanskje først ein stillstand kor handa står stille ved hovudet, ei rørsle kor handa flyttar seg inn mot hovudet og ein ny stillstand der handa ligg inntil hovudet. DØV har altså strukturen
stillstand – rørsle – stillstand, forkorta S-R-S.

Ikkje så ulikt strukturen konsonant-vokal-konsonant i ordet «døv», eller?
Hovudpåstanden til Movement-hold-modellen er denne: På same måte som talespråklege stavingar inneheld kombinasjonar av vokalar og konsonantar, inneheld også teiknspråklege stavingar kombinasjonar av stillstand og rørsle. Og på same måte som vokalar og konsonantar i sin tur er ein kombinasjon av artikulatoriske trekk ved taleorgana (innsnevringar i munnhola og vibrerande stemmeband), er også stillstandane og rørslene kombinasjonar av artikulatoriske trekk ved «teiknorgana» (flytting og forming av hender og andlet).
Fleire lingvistar har likevel kritisert modellen. Nokon har peika på at dei fleste stillstandar, sjølv om dei påviseleg dukkar opp i teikn, blir droppa under teiknproduksjon. Ein utfører ikkje teikn med klare stillstandar ved start eller slutt, men heller i ein kontinuerleg straum. Vi treng ikkje å sjå lenger enn til mitt eige døme for å forstå det: ein kan diskutere om det eigentleg er nokon stillstand i starten av DØV. Liddell og Johnson har i sin tur omtalt dette som ein følgje av regelen hold deletion, ein prosess i teiknspråk der stillstand fell bort i naturleg samtale. Bortfall av småbitar i språket er heller ikkje uvanleg i talespråk. Tenk til dømes på kva som skjer med den trykklette e-en i “pannen” på bergensk.
Trass i kontroversar har fleire koplingar likevel blitt gjort mellom movement-hold-modellen og talespråklege stavingar. Nokre lingvistar hevdar at rørslesekvensen i eit teikn korresponderer med kjerna og konstituerer ei staving. Andre påpeiker korleis stillstand og rørsle, i likskap med konsonantar og vokalar, berre kan bli kombinert på avgrensa måtar (du kan ikkje avslutte eit teikn med ei rørsle, og du kan ikkje kombinere 10 konsontantar etter kvarandre og forvente å bli tatt seriøst som nordmann).
Kan vi dermed slå fast at teiknspråklege stavingar finst? Noko i meg nøler. Eg får ei kjensle av å prøve å presse ein kloss gjennom ein sirkel.
Det er ingen tvil om at teiknspråk kan bli delt opp i mindre delar som alle andre språk. Likevel stussar eg på at vi skal kalle dei stavingar. For har vi då faktisk å gjere med stavingar på teiknspråk, eller prøvar vi å få teiknspråk til å stemme overeins med talespråk slik vi kjenner det som språksystem? Forstår vi norsk teiknspråk på eigne vilkår, eller gjennom talespråklege briller?
Det ville nemleg ikkje vere første gong. Lingvistar har tradisjonelt konsentrert seg om å studere talespråk. Derfor har mykje av terminologien i teiknspråklingvistikk blitt adoptert frå skildringa av desse. Eit klart døme på dette er ordet fonem som vi brukar til å snakke om dei minste tydingsskiljande einingane også i teiknspråk, sjølv om fonem baserer seg på det latinske ordet for lyd.
Talespråkforskinga har i sin tur konsentrert seg om å studere korleis vi kommuniserer ved å setje språket sine byggesteinar saman til ord og setningar etter grammatiske reglar, og via langt mindre merksemd til korleis vi også skapar meining gjennom ansiktsuttrykk, gestikulering og andre måtar å vise eller avbilde innhald på. Teiknspråkforskinga har følgd den same tradisjonen, men fordi teiknspråk i så stor grad handlar om vising, har ikkje denne retninga vore heilt tilstrekkeleg for utforskinga av språka.
I seg sjølv er det ingen ting galt i å spørje om norsk teiknspråk inneheld stavingar. Men er dette verkeleg er eit godt spørsmål å stille når vi skal forstå norsk teiknspråk?
Mykje har skjedd sidan Movement-hold-modellen så dagens lys i 1989. Stadig fleire språkforskarar har byrja å undersøke tale- og teiknspråk med eit breiare perspektiv på kva språk er og korleis vi brukar dei til å formidle meining. I tillegg til å studere korleis vi puslar saman fonem, morfem og ord, forskar lingvistar også på korleis vi skapar meining gjennom mimikk, gestar, peiking og andre formar for vising. Ein slik innfallsvinkel til språk gir nok større rom for at både teiknspråk og talespråk kan bli tilstrekkeleg forstått som dei språksystema dei er.
Takk til illustratør Espen Skevik Baklid for teikningane til innlegget!
Kjelder
Om talespråklege stavingar:
“Språkets mønstre” (2006) av Lars Anders Kulbrandstad
“Innføring i lingvistikk” (2000) av Rolf Theil Endresen, Hanne Gram Simonsen og Andeas Sveen.
Om Movement hold-modellen:
“Australian Sign language – an introduction” (2018) av Trevor Johnston og Adam Schembri.
Om teiknspråkforsking:
“Norsk tegnspråk – en innføring” (2018) av Arnfinn Muruvik Vonen.
Vil du lese meir?
For ein meir grundig gjennomgang av stavingar i norsk talespråk vil eg tilrå Gjert Kristoffersens “Innføring i norsk fonologi” (2008), her i manuskriptversjon: https://hdl.handle.net/1956/15694
I dette blogginnlegget har eg spurt om stavingar i det heile tatt har noko å gjere i teiknspråk. Fleire fagfolk vil svare ja, mellom anna teiknspråkfonolog Wendy Sandler. Du kan lese om dette her, også ein manuskriptversjon:
http://sandlersignlab.haifa.ac.il/pdf/The_syllable_in_sign_language.pdf