– Om politikarar, metaforar og tankar
Ei regjering kan vere mange ting. Politikarane kan vere ulike, usamde og til og med uvillige til å samarbeide. Men visste du at ei regjering også kan vere i samlivskrise?
Slik er det i alle fall om vi skal tru Audun Lysbakken frå valnatta i fjor haust. Då dukka han opp framfor publikum og sa:
«Og i det som har vært en merkelig valgkamp, dominert av regjeringen sin samlivskrise, så har vi snakket dag ut og dag inn om det som er viktigst for oss.»
Sist eg sjekka var ikkje regjeringa bygd opp av samlivspartnarar, men ministrar i eit profesjonelt kollegium. Lysbakken snakka altså ikkje eigentleg om ekteskap, men om regjeringssamarbeid (eller mangelen på dette), på same måte som at du ikkje er nedkjølt når du held hovudet kaldt, eller at folk som hoppar til køys eigentleg berre legg seg. Her har Lysbakken nytta ein metafor.
Men korleis gir det meining å snakke om ei regjering i samlivskrise?
Ifølgje boka «Metaphors we live by» av George Lakoff og Mark Johnson, er metaforens essens å forstå og snakke om ein ting gjennom ein annan ting. I vårt tilfelle blir regjeringssamarbeid forstått og snakka om gjennom samliv. På fagspråket kallar vi desse to kunnskapsområda for domene; vi overfører kunnskap frå kjeldedomenet samliv for å forstå og snakke om måldomenet regjeringssamarbeid. Slik kan vi diske opp med fraser som «regjeringen sin samlivskrise».
Samliv er mellom anna kjenneteikna av at to menneske har inngått ekteskap. Dette kan vere ein gild situasjon, men kan også innehalde usemje, krangel og i ytste fall føre til skilsmisse. Eit regjeringssamarbeid kan arte seg på liknande vis. Her har politikarar inngått ein formell avtale om å jobbe saman, men også her kan det oppstå splid og usemje som i ytste fall ender i regjeringsoppløysing. Under valkampen i fjor haust hadde regjeringa vår interne konfliktar, til dømes i bompengesaka der Erna Solberg måtte avbryte både møte og middag på Island og fly heim for å løyse usemja mellom dei andre partia. Eg tippar at det er denne saka Lysbakken siktar til når han snakkar om ei samlivskrise. Samliv og regjeringssamarbeid blir kopla saman på den måten at begge inneber partar (ektefellar og politikarar) som har inngått ei formalisert avtale (ekteskap og samarbeidsavtale) der usemje kan skape utfordringar (samlivskrise og mangel på samarbeid) og i verste fall ende med at partane skil lag (skilsmisse og regjeringsoppløysing).
Så kan ein spørje seg kvifor Lysbakken ikkje berre sa ting som dei var: at regjeringa hadde problem med å samarbeide. Ein grunn er at «samlivskrise» har meir snert over seg. Ein annan og meir vektig grunn er at Lysbakken på denne måten kan styre korleis vi oppfattar det han snakkar om. Legg merke til at metaforens essens var å forstå og snakke om ein ting gjennom ein annan. Innanfor kognitiv lingvistikk – teoriar i språkvitskapen som handlar om språk og tankar – er det slik at metaforen finst som eit tankekonsept som kjem til uttrykk gjennom språket vårt. Det tyder at vi snakkar metaforisk fordi vi tenkjer metaforisk. Her må vi passe oss, for det går nemleg andre vegen også: Metaforane vi høyrer, påverkar korleis vi forstår eit fenomen. Tenk over det Lysbakkens sa: Kva inntrykk får du av ei regjering der politikarane driv på som ektefellar på randen til skilsmisse?
Det er også verd å merke seg kven som seier dette: Ein opposisjonspolitikar – i slutten av ein valkamp.
Tilfeldig? Neppe.
Metaforen er ein lur rev. I motsetnad til kva ein kan tru er han slett ikkje avgrensa til dikt og kunstnarisk språk. Neste gong du høyrer ein politikar snakke, merk deg kva metaforar vedkomande tar i bruk og kva dette gjer med forståinga di av saka.
Skal du la metaforen operere i det skjulte, eller skal du ta han fram i lyset?

Vil du lese meir om metaforen?
Som faglitteratur har eg sans for Zoltán Kövecses’ Metaphor – a practical introduction.
Ei anna høveleg bok er Norunn Askeland og Magdalena Agdesteins Metaforer – hva, hvor og hvorfor.
Lakoff og Johnsons Metaphors we live by er også omsett til norsk under tittelen Hverdagslivets metaforer.
Og viss du vil høyre meir om korleis ord styrar forståinga vår, har Språkteigen ei fin sending om dette her.
Dette er ein flott blogg Ole. Eg er imponert over kor profesjonelt den er laga og kor stilig den er. Du har ein informativ og artig penn – synest eg. Du har eit godt språk – fleire bladfykar kunne hatt godt av å få opplæring hjå deg.
LikarLikt av 1 person
Takk for den rause tilbakemeldinga, Randi!
LikarLikar